spacer.png, 0 kB
VELKOMEN TIL DEN 12. INTERNASJONALE FILMFESTIVALEN I OS

"Om Sundance har fått sin Slamdance i umiddelbar nærhet, så har Bergensfestivalen BIFF fått sin uformelle Glamdance."

Kalle Løchen, Norsk filmfond.

 

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
Heim arrow Styret helsar
Styret helsar PDF Print E-mail

Ni år med filmkjærleik

Mykje har hendt dei ni siste åra. Mykje har hendt sidan ein liten gjeng energiske ungdommar lånte seg eit kamera og laga sin eigen film, og så skipa filmfestival for å halde premierevisninga. Det er heilt sant, det var slik WT-festivalen vart til.

I dag er festivalen ganske godt kjend i Noreg, men vi har ikkje gløymd røtene våre. Vi søkjer å promotere filmlidskap gjennom å oppfordre til det kreative, å stimulere skaping. Samstundes er det vår meining at så lenge folk har det kjekt, er det ingen grunn til klaga. Det sosiale er eit granittsterkt element i WT-festivalen, og ein finn neppe den same stemninga og atmosfæra på nokon annan festival, uansett medium.

Men ikkje ein gong WT-festivalen kan stå på staden kvil og lefle med dei same tinga for alltid.

Dei siste åra har vi opplevd ei nærast ufrivillig vekst - det er som om festivalen har vekkja seg sjølve til live, og ynskjer å vere noko anna - noko større - enn det vi har vore klar over.

Med denne openbaringa no klart for oss, har vi teke steget fullt ut, og omfavna metamorfosen. Vi er framleis berre ein liten festival med éin enkelt, autentiskt "grindhouse" kinosal (som hadde fått Quentin Tarantino og Robert Rodriguez til å bli ekstatiske av glede), og vi vil framleis omtrent utelukkande vise filmar som ikkje kom inn på andre filmfestivalar i landet, men vi opnar i år opp for heilt nye hendingar på festivalen, nemleg debatt, seminar, workshops, kurs, og foredrag. Felles for alle er at desse arrangementa skal oppfordre til å laga film, til å ville laga film, sjølv med få konkrete ressursar.

Vi søkjer også å inspirera unge talent til å aspirere til andre rollar enn berre regissør og manusforfattar, og belyse kva jobben til dei ulike yrkesgruppene innan filmmediet eigentleg gjer.

Independentfilm er eit tema vi kjem til å diskutere mykje på WT-festivalen i år, for ikkje å snakke om nye produksjonsvegar. Vent nokre ordentlege godbitar på gjestefronten i år, både i panel og med foredrag.

Men alt dette er uvesentleg ved sida av det som verkeleg betyr noko på WT-festivalen, nemleg at folk har det knusekjekt. Ein floskel som alltid vil vere med oss er at "det handlar om å investere i opplevingar", og det er i sannheit leveregelen til WT-festivalen. Det er vårt mål å sørgje for at alle som vitjar festivalen tek del i den unike atmosfæra som, tru det eller ei, har gjort oss kjend verda over.

Og alt dette skal vi få til med å strekkje oss enno lengre og høgare, samstundes som vi held bakkekontakten og er klar over våre eigne avgrensingar. Det er sjølvsagt heilt umogleg, så vi kjem berre til å halde fram nett som før og satse på det beste!

 

Vel møtt i November!

- Styret i WT-festivalen.

 
Next >
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB