spacer.png, 0 kB
WELCOME TO THE XIIth WT OS INTERNATIONAL FILM FESTIVAL  

"Where Sundance has Slamdance in its immediate vicinity, BIFF in Bergen has its own informal Glamdance."

Kalle Løchen, Norwegian Film Fund

 

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
Heim arrow Om festivalen
Om festivalen PDF Print E-mail
WT Os internasjonale filmfestival vert drifta av eit frivillig initiativ, driven av gåvmilda og viljestyrka til filmmiljøet i Os i Hordaland. Hovudmålet med festivalen er å inspirere lidskap og entuasiasme for film, oppfordre og hjelpe unge, uetablerte filmskaparar, promotere kystkultur og kulturarv i Vestnoreg gjennom film, og fungere som ein møteplass og felles grunn for filmelskarar frå alle kår. Det er vår intensjon å leggje til rette for ei heilt unik oppleving for så mange som mogleg, som fungerer som ei oase frå forbrukskulturen som rådar innan film. WT-festivalen er ein gratisfestival; her finst ingen billettprisar eller inngongspengar.


WT er ein ideell organisasjon som står ansvarleg for fleire andre gratisarrangement året igjennom. WT sin ideologi er at alle skal kunne ha ei god oppleving utan at det skal koste pengar, og dette står gjeldande for såvel WT Haveselskab som for WT Os internasjonale filmfestival.

WT-teamet arbeider året igjennom med å realisere arrangementa, med hovudfokus på filmfestivalen.

Filmfestivalen skal vere ein stad folk kan møtast for å dele, inspirere til og oppfordre til lidskap for og produksjon av film. Det skal vere ein sosialt god plass å vere, der ein skal kunne gjere seg nye kontaktar og bekjentskap på felles fot. Det er ingen VIP-område på WT-festivalen, her blandast folk og drott fritt.

WT-festivalen skal knytte til seg og vise fram samarbeidspartnarar som hjelp til med å realisere festivalen. Dette gjerast mellom anna ved reklamering under festivalen, på vevsidene og i programheftet, samt tydeleggjering av produkt, som Cold Cat, under festivalen. Saman skal vi gjere festivalen til den viktigaste filmfestivalen for uavhengig film i Noreg, og saman skal vi setje Os på kartet.

 
< Prev   Next >
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB